info.hagegal.no

  • Forstørr
  • Standard skriftstørrelse
  • Forminsk

Oktober 2008

E-post Skriv ut PDF

D en bleike haustsola står lågare og lågare på himmelen for kvar dag, snart vil ho ikkje vinne å klive over dei høgste fjelltoppane. Kansje kjem hauststormane og gjer ende på det vesle som er att av blømande hagar. Flyttfuglane har forlengst teke fatt på den lange ferda mot sør - dei har gjort sitt dei og dette året. Det er tid for tilbakeblikk og ettertanke.


Eg blar meg gjennom årets hagebilder medan det brenn heimekoseleg i vedomnen og varmar lunt. Kva var eg mest fornøgd med dette året ? Vart urnene og samanplantingane mine som forventa ? Skulle eg kansje hatt noko blått i lag med dei andre i den kassa der ? Ja spørsmåla er mange - det er no framover ein har tid til tilbakeblikk og planlegging for neste sesong.

Eg ser gjennom mange digitale album på leit etter idear eg kan ta med meg i planlegginga av neste sesong. Dei fleste vårløkane har eg alt fått i jorda og avblomstra sommarblomstrar har vike plassen for nyinnkjøpte løk som skal pryde beda til våren og dei fleste knollar og "ut og inn-plantar" har avslutta sesongen for dette året og er komne vel i hus for vinteropplag. Eg er fornøgd med det eg har fått tak i , det vert flott med desse nye tulipanane i bedet ved gullregnen avløyst av høge, flotte Allium. Draumane er mange - eg ser det for meg korleis det skal verte .... Men hei ! - Det er jo restesalg på vårløk på Plantasjen ! - Ja då MÅ eg dit og sjå kva dei har, ikkje at eg skal ha noko men..... ein veit jo aldri, det kan jo vere at det er att ein godbit.

Trea har begynnt å felle blada, men fyrst gjev dei oss eit gjestebod for auga - eit karneval i fargespel som bare naturen kan varte opp med. Då er det bare å ta turen i skog og mark og bare nyte den klare, gode haustlufta og sjå på alle fargane som spelar opp og skifter frå dag til dag - gle seg over fargerike sopp langs skogstiane eller fossande elvar og småbekkar, og regndropar på kongelvev heng som diadem i gamalt, haustfarga gras. I hagen blømer enno enkelte hardhausar, t.d. kinasøte - ein riktig juvel å reikne no då nesten alt det andre har mista glansen. Colchicum, eller "naken jomfru" som den vert kalla, blømer og no i overgangen mellom haust og vinter, begge tåler dei nokre rimnæter før dei må takke for laget dei og .

Eg set meg ved PC'en og surfar, leitar etter spennande frøfirma og spennande plantar eg ikkje har prøvd før eller plantar eg har ståande på "MÅ HA" lista mi. Eg blar og blar og snart har eg funne mange sortar eg "må ha" ...... Men så var det 200-kronersgrensa då - den har eg overskride for lengst og må prioritere. Etterkvart vert det fleire frøfirma, fleire bestilingar og fleire transaksjonar.... I uthuset står det sekkar med brukte potter - pottevask må til om eg skal ha noko og plante i til vinteren...
Kansje tek eg til på det i morgon.......





AGS

Mange planteportretter
Sist oppdatert onsdag 01. april 2009 00:37