info.hagegal.no

  • Forstørr
  • Standard skriftstørrelse
  • Forminsk
Fremsiden De hagegale Kronikker Mai 2007 - Kos deg med hagen din!

Mai 2007 - Kos deg med hagen din!

E-post Skriv ut PDF
I mi fortid på usenet var det eit uttrykk som heiter ”september kom tidleg i år”. Det refererte til september 1995, då ”gud og kvarmann” fekk internettilgang, og oversvømte usenet med meir eller mindre velretta spørsmål og kommentarar.

Her på Hagegal luntar vi oss igjennom vinteren i fred og ro, vi sår og priklar og held på med vårt. Så plutseleg i mai rausar det inn med nye hagegale, fulle av spørsmål og iver. Nye dagbøker vert oppretta, og arbeidslysta strøymer på. Det er strålande, og eit varmt velkommen til alle nye. Bruk søkefunksjonen, les trådane om korleis forumet, chatten og dagbøkene fungerer, så får du leve lenge på hagegal, og du vil få mange nye hagevener i den virtuelle og den verkelege verda.

Eit forum som dette blir ikkje til av seg sjølv. Alle gjer sitt til at det vert ein stad for kunnskap, glede og entusiasme. Vi treng særleg nye innspel til hagegal.info-sidene. Ikkje alle er ekspertar på såing, prikling eller andre spesialområde. Men alle kan vi noko, og har du eit område du trur du kan bidra på, så ta kontakt med Ståle. Nytt påfyll er det som skal til for at sidene våre skal fortsette å vere interessante for både oss og tilfeldig forbipasserande.

I mai løsnar alt, og etter eitt par dagar med varme og sol kjenner vi det som om sommaren er i full gang. Vi vert overmodige, kjøper sommarblomar og plantar dei ut. Spede spirar vert herda, og kanskje vert nokre gløymde att ute over natta. Mai er full av overraskingar, deriblant ei og anna natt med ei minusgrad eller to. Så før vi veit ordet av det er dei små, sarte avgått ved døden, og vi rykker tilbake til start.

Tolmod er altså den viktigaste dyden å praktisere i mai. Vent heller nokre dagar lenger med å sette ut dei dyrebare spirane, pellisane, fuchsiaene og sommarblomane. Vent til vi har feira 17. mai, så er du på den trygge sida. Sommaren er lang, og vi har mykje godt å vente på.

Ein av våre hagegale har introdusert stolhaging som ein viktig del av det å kose seg med og i hagen. Høyr sannings ord! Stolhagingskvotienten skal ideelt vere 1/1. Du bør altså tilbringe like lang tid i ein stol, på ein benk eller i ei hengekøye som du gjer med nevane i jorda. For kva er ein strigla hage verd, viss ein ikkje kan sitte i fred og ro og nyte den i lange drag?

Kos deg med hagen din!
Sist oppdatert mandag 09. februar 2009 18:47