info.hagegal.no

  • Forstørr
  • Standard skriftstørrelse
  • Forminsk
Fremsiden Hagen Kompost Artikler Tang som kompost

Tang som kompost

E-post Skriv ut PDF
Fant et gammelt utklipp fra fagbladet "Hummelposten" (mars 1992) som kankje kan være nyttig, eller interessant?

Forfatter: Olaug Bach, FØLH (Fagseksjon i økologisk landbruk på Helgeland) 

Tang som kompost
Tang som kompost 2

"Hummelposten":(Info fra nettet)
Frå og med årsskiftet er Økologisk Landbruk organisert som eit andelslag med avgrensa ansvar, eit BA. Samarbeidet ringane i mellom er ikkje endra som følgje av denne organiseringsforma, men eigar- og ansvarstilhøvet til bladet har vorte klårare etter omorganiseringa.

Litt historie. Økologisk Landbruk går no inn i sitt 21. år som medlemsblad for økologiske forsøksringar og avdelingar. Dei første 17 åra heitte bladet Hummelposten, men skifta namn til Økologisk Landbruk i 1999. Midtnorsk fagseksjon i biologisk jordbruk var det først økologiske rettleiingstilbodet i Norge. Dei opererte i heile landet og sendte ut sitt medlemsblad, Hummelposten, til sine medlemmer. I 1985 vart Fabio og Føko stifta. Dei hadde framleis ingen eigen ringleiar, men medlemmane deira fikk tilsendt Hummelposten. Etter kvart kom resten av landet med, og ved utgangen av 2001 var det 18 økologiske forsøksringar og avdelingar som var medeigarar i bladet. Behovet for klar organiseringsform for bladet har såleis vorte større med åra. Bladet har heile tida vore sjølvfinansiert gjennom annonsesal og sal av blad til ringane til ein rimeleg pris.

På oppdrag frå dei økologiske forsøksringane og avdelingane sitt fellesmøte i 2001, har styret for bladet jobba med å klargjere framtidig organisering av Økologisk Landbruk. Hovudmålet for styret har vore å behalde Økologisk Landbruk som eit blad med fagleg innhald av høg kvalitet. Det samspelet som er skapt mellom dei økologiske rettleiarane og fagbladet er unikt og sikrar tilgang på fagstoff frå heile landet. Dette skulle det også takast vare på i ei ny organisering.

Forslag om å organisere bladet som eit BA vart sendt ut på høyring hausten 2001. Etter positive tilbakemeldingar frå alle eigarane, gjennomførte vi så ei uravstemming ved vedtaksforslag om å stifte Økologisk Landbruk BA. Dette vart einstemmig vedteke. Økologiske forsøksringar og avdelingar med eige fagråd får no tilbod om å kjøpe aksjar i det nye selskapet.

For dykk lesarane vil ikkje omorganiseringa føre til nokon endring. Bladet skal drivast etter same lest og behalde sin faglege profil. Norge treng eit godt fagblad innan økologisk landbruk for å møte den aukande interessa for denne driftsforma. Dette er vi i forsøksringane stolte over å kunne bidra med!

Heimeside
Økologisk Landbruk har no fått si eiga heimeside. På denne sida finn du litt generell informasjon om bladet og rettleiingstilbodet for økologisk landbruk i Norge. I tillegg ligg det artikkeloversikt for tidlegare årgangar der. Som abonnent på bladet, kan du registrere deg å få tilgang på artiklar som har stått i bladet tidlegare. Heimesida finn du på
Økologisk landbruk