info.hagegal.no

  • Forstørr
  • Standard skriftstørrelse
  • Forminsk
Fremsiden Diverse Matoppskrifter Gundads egen kokebok Haustetid: Marmelade av grøne tomatar

Haustetid: Marmelade av grøne tomatar

E-post Skriv ut PDF

Matglede - fritt etter (eller før) Sumpen

Har du det som meg, at du får låkt i hjarta når du ser frukt, bær og grønsaker som ikkje vert hausta? Akkurat no er det mykje slikt som plagar meg. Skogen står full av traktkantarellar, eplehagane bugnar og frukta blir til kompost, og dei som er att av tomatane mine heng ute grøne og fine, utan von om å modne no når det er like før hufsa kjem. Det er grenser for kor mykje traktkantarellar ein kan plukke, eple ein kan safte og tomatar som kan modne i vinduskarmen. Det er det eg gjer, nemleg; tomatane vert hengt opp i hyssing, og så får dei modne på kvisten sin til dei har fått rett farge og smak.

Men dei store er det vanskeleg å redde, og dei blir liksom aldri gjennommodne. Så difor har eg lagd tomatmarmelade! Ein syrleg-søt, tjukk marmelade som kan etast som tyttebærsylte, til steik, kjøtkaker eller til ein god ost. Mannen min et den på müslien sin, og påstår det er deilig. Prøv den på ein havrekjeks med litt naturell kremost under, og du er på veg til himmelen. Mathimmelen, altså.

  Tomater

Såg du filmen ”Stekte grønne tomater”? Det er ei fantastisk forteljing om to kvinner som bur ilag og samarbeider om å drive The Whistlestop Café, rett ved togsporet ein stad i USA. Der lagar dei mat og skapar seg eit liv i kamp mot fordommar, rasestrid og klassemotsetnader. Finn du den i ei videosjappe så ta den med, og kos deg med ein deilig film. Som tittelen seier er steikte grøne tomatar deira spesialitet, og det er så lett at du treng ikkje oppskrift ein gong. Viss du føler deg uttrygg, så finn fram schnitzel-oppskrifta mi frå fjorten dagar sidan, du gjer det på same måten. Krydre mjøl og ha det i ei låg, vid skål, pisk saman to egg i den andre og ha strøkavring i den tredje. Vend tjukke tomatskiver i mjøl, så egg og så strøkavring. Steik i smør eller olje, og server som tilbehør til alt som er godt.

Tomat

Men så var det marmeladen. Dette blir eit tjukt, søtt syltetøy med ein distinkt smak av sitron og kanel. Tomatane i seg sjølve smakar ikkje stort, så dei tek smak av det andre du puttar i gryta. Det kan bli for syrleg, då kokar du berre opp meir tomatar (viss du har) og puttar i. Bland gjerne i nokre raude og, då blir fargen finare. Det kan virke litt rart med salt i syltetøy, men det gir ein rund, fyldig smak, så du må ikkje droppe det. Slik gjer du det:

Tomatmarmelade av grøne tomatar

Ein sitron
1,5 dl vatn
Ein kilo tomatar
450 g sukker
100 g brunt sukker
1 ts salt
2 bitar kanelbork

Vask sitronen godt, og skrell den med ein potetskrellar, slik at du får av berre det gule skalet. Skjer det gule i tynne strimlar, og kok det i vatnet i ei stor gryte i 10 minutt. Pass på så det ikkje kokar tørt. Fjern det kvite som er att av skalet på sitronen, del den i fire båtar og skjer båtane i tynne skiver. Fjern det du finn av steinar. Skyll tomatane, og del dei i fire. Fjern stilkfestet viss det er hardt, og skjer tomatbåtane i tynne skiver. Ha sitronen og tomatane i gryta saman med sukker, salt og kanel. La det heile koke medan du rører av og til i nærare ein time. Ta ut kanelborken, og fyll marmeladen på reine, nykokte glas.

Lagre marmeladeglasa mørkt og kjøleg. Vil du ha marmeladen litt meir chutney-aktig, kan du ha i litt eddik og gjerne ha i litt finhakka raud chili. Då blir den litt hot, og tøffare i smaken.


Vi hadde ein familiebursdag i helga, og då tok eg eit glas med tomatmarmelade, blanda det ut med ein pakke stikkelsbærgelé og halv vassmengde og brukte det som gelétopping på ei vanleg ostekake. Det var kjempegodt, og ingen klarte å gjette kva som var i geléen. Det var ein perfekt kontrast mellom den deilige, krema ostekakemassen og den syrlege og søte geléen. Prøv det!

Tomat

Alt godt, Gunda

Originaltråden

Sist oppdatert onsdag 01. april 2009 00:20