info.hagegal.no

  • Forstørr
  • Standard skriftstørrelse
  • Forminsk
Fremsiden Diverse Matoppskrifter Gundads egen kokebok Nyttårsmat: Oksesteik og bringebærterte

Nyttårsmat: Oksesteik og bringebærterte

E-post Skriv ut PDF
Dei siste dagane har ertesuppe på pinnekjøt og pasta med kalkunstrimlar stått på matsetelen her i huset. Sjølv om det er ressursmessig fornuftig, er det godt å vere ute av julerestemattåka no. Men striskjorte og havrelefse er berre eit ordtak. Vi er så rike at sjølv til kvardags et vi kostbar mat.
v I morgon lagar eg ein skikkeleg søndagsmiddag, ei oksesteik. Den beste steika er den som er datostempla like før du skal ete den. Ikkje ta ei steik som går ut på dato om tre veker, då er den garantert seig som skosålar. Eg steiker kjøtet lenge på låg temperatur, slik at den vert mør, og held godt på den gode kjøtsafta.

Så bryt eg eit av mine matprinsipp og serverer asparges til. Ja, eg veit at ein skal ikkje ete mat som har reist langt, og eg veit at asparges på denne tida av året kjem frå Peru. Men når dei ligg der i hyllene og freistar meg, er det av og til vanskeleg å stå imot. Og sunt er det og, det er mi viktigaste unnskyldning. Ungane får kokte gulrøter til. Dei et ikkje asparges, og mannen min og eg syng ”då blir det meir på oss”-sangen, fritt etter Knutsen og Ludvigsen.

  Asparges

Det er lov med dessert og, i dag får du oppskrift på den enklaste kaka eg veit om. Og det seier ikkje lite, eg har samla meg ei mappe med oppskrifter på enkle, raske og kjempegode kaker. Denne er både enkel, ikkje så feit og du har sannsynlegvis alt som skal til i matskapet ditt frå før.

Eg bryr meg ikkje alltid med saus til kjøtet, men eg lagar ein deilig dressing til aspargesane, som fungerer som saus også til resten. Den lagar eg av balsamico, og smakar til med honning.

  Steik

Slik lagar du søndagsmiddag til fire vaksne og fire barn:

Ei oksesteik, ca. 1,6-2 kg
1 ss mild olivenolje eller annan matolje
2 ts smør
Ein pakke asparges
2 dl balsamico
2 ts honning
1 ts flytande buljong
Salt og peppar
Poteter og gulrøter

Ta kjøtet ut av kjøleskapet i god tid før middag, gjerne om føremiddagen. Set omnen på 150 grader. Varm opp oljen og smøret i ei gryte, og steik kjøtet litt på alle sider før du legg det i ei eldfast form. Kok ut gryta med litt vatn, og ha avkoket i steikefatet. Salte og pepre steika godt før du set inn steiketermometeret, og steiker kjøtet til steiketermometeret viser 65-66 grader. Har du ikkje steiketermometer, så tek det ca. 1 ¾ time å steike kjøtet til denne temperaturen når steika er ca. 2 kg. La kjøtet kvile i 10-15 minutt før du byrjar å skjere det opp.

Medan kjøtet står i omnen, kokar du opp balsamicoen i ei lita gryte, og har i honning og buljong utrørt i litt vatn. La det koke inn til halv mengde, og smak om det trengst salt og peppar. Sett det til side. Set poteter og gulrøter på kok. Gulrøtene skråskjer eg i tynne skiver, som også kan delast i to om gulrøtene er store og grove.

Skyll aspargesane, og knekk av nederste biten så langt nede på aspargesen som råd er. Det som er nedanfor knekkpunktet kan du bruke i ei grønsakskraft. Varm opp litt olje og smør i ei steikepanne, og legg aspargesane i. La dei få litt brunfarge på eine sida, før du snur dei. Når dei har fått litt farge på kvar side, kan du salte, og slå over ein skvett vatn før du legg lok på og let dei dampe ferdig i eit par minutt.

Skjer kjøtet i tynne skiver, og server det med kokte poteter, asparges og dressing.

Eg kallar dagens kake for bringebærterte, for eg har mest lagd den med bringebær. Men den kan lagast med mange sortar bær og frukt, og blir like god uansett. Denne kaka bør lagast rett før gjestane kjem, den er ikkje noko å spare på. Mi erfaring er at står den på kjøkenbenken så forsvinn den som dogg for sol, så også av den grunn er det ein fordel å vente med bakinga til rett før servering. Slik gjer du det:

Bringebærterte

3 egg
240 g sukker
150 g mjøl
1 ts vaniljesukker
200 g frukt eller bær. Har du ikkje ferske, kan du bruke syltetøy.

Sett omnen på 200 grader. Visp egg og sukker til eggedosis. Bland vaniljesukkeret inn i mjølet. Har du ikkje vaniljesukker droppar du det. Vend mjølet forsiktig inn i eggedosisen til du har ei jamn røre. Hell røra i ei smurd paiform, mi er 28 cm. Legg syltetøy, frukt eller bær oppå kaka og steik den på 200 grader i 25-30 minutt. Har du mandlar kan du hakke dei, og strø over før den vert steikt. Skal det vere ekstra stilig kan du bruke mandelflak. Server med vaniljekesam, creme fraiche, ein klatt is eller litt piska krem.

Alt godt, Gunda

Originaltråden
Sist oppdatert onsdag 01. april 2009 00:32