info.hagegal.no

  • Forstørr
  • Standard skriftstørrelse
  • Forminsk

Urteeddik - Plommeeddikk

E-post Skriv ut PDF

Urter

No står urtene i hagen min på sitt vakraste, og ber om å bli plukka inn og brukt i mat og drikke. Eg føler meg rik når eg går ut med korg og saks, og klipper det eg treng for å gje maten vår eit løft.

Urter er noko av det enklaste du kan dyrke i hagen din. Koriander og dill bør du så fleire gongar i løpet av sesongen, dei andre urtene klarer seg på eiga hand så lenge dei får væte og litt gjødsel av og til. Har du først sådd koriander, sår den gjerne seg sjølv seinare. Eg satte ei butikkpotte med koriander i bedet mitt for tre år sidan, og etter det har eg frisk koriander i hagen heile sommarsesongen. Dill er litt meir finsleg, og vil dessutan gjerne ha sol for å trivast. Basilikum er så finsleg at den bør få vere inne. Der kosar den seg, så lenge den får god jord og blir vatna kvar dag. Eg brukar og å tynne ut dei basilikumplantane eg kjøper med hard hand, då klarer dei attståande kvistane seg mykje betre.

Timian, salvie, sitronmelisse, løpstikke og mynte er stauder, og kjem att år etter år. Løpstikka blir diger, både den og sitronmelissa har berre godt av å bli klipt heilt ned midtsommars, til dømes rett før du tek ferie.

Urter
Timian og salvie plagar ingen, og står pent der du plantar dei og blomstrar vakkert. Salvie blomstrar på andre års grein, så ikkje klipp den ned sjølv om den ser pjuskete ut på våren. Mynte er eit ugras, og bør plantast i krukker eller i nedgravde bøtter utan botn for at dei ikkje skal ta overhand. Kattemynte er artig å plante viss du har kattar, men i og med at mange kattar likar godt å rulle seg i den kan den få eit hardt liv. Tørk kattemynten og sy den inn i tøyposar, så får katten din ei favorittleike.

Eg må innrømme at dei fleste urtene mine kjem frå kjøpepotter. I hagebøker står det at dei ikkje egnar seg for utplanting, men det funkar for meg. Rosmarin må uansett inn til vinteren, og timian og estragon kan hende frys bort dei og, men resten står fine og fornøgde i hagen min trass i sitt tvilsame opphav. Salvie og basilikum er forresten så lette å så at du kan prøve deg. Timian syns eg spirte altfor sakte, så der har eg halde meg til potter. Dill bør også såast, dei pottene du får kjøpt er så små at dei er meir symbolske.

Så kva skal ein bruke urtene til? I dag har eg kosa meg med å lage aromatiske urteeddikar. Eg fann ei flaske gamaldags eddikessens, og blanda den ut med kokt, kaldt vatn slik at den fekk passe styrke. Sidan eg likar litt søtleg eddik, hadde eg i litt sherryeddik, slik at eddiken fekk litt sødme, og ikkje minst ein fin, gylden farge. Så klipte eg urter, og lagde nokre variantar som eg trur du vil like. Uansett kva eddik du lagar, så smak på den etter eitt par veker. Viss smaken er passe, så sil den, og kast urtene. Viss den er for sterk, så tynn den ut litt, og er den for svak kan den stå ei veke eller to til.

Slik gjorde eg det:

1 liter kokt, kaldt vatn
1,5 dl eddikessens (35%)
6 ss sherryeddik

Bland dette saman.

Til estragoneddik:

To kvistar fransk estragon

Legg kvistane i ei heilt rein flaske, og hell over eddik.

Til chilieddik:

Ein raud chilipeppar
Tre kvistar timian
Legg chilien og timian i ei rein flaske, og hell over eddik. Vil du ha denne eddiken skikkeleg sterk, kan du dele chilien i to først, og legg den på flaska etter at du har fjerna frøa.

Eg lagde også ein eddik som ikkje er med urter, men med noko som mange av oss har (for) mykje av for tida: Plommer.

Til plommeeddik:

Tre plommer, helst raude
to stjerneanis

Skyll plommene godt, og tørk dei. Del dei i små båtar. Legg dei i ei flaske saman med stjerneanisane. Del dei opp om dei ikkje går gjennom flaskehalsen. Slå over eddiken.

Så er det berre å prøve seg fram. Prøv med det du har i hagen, og smak deg fram til nye kombinasjonar. Eddiken held seg lenge, og er ei fin og personleg julegåve eller vertinnegåve når du skal i selskap.

Eddik

Alt godt, Gunda


Tråden

Sist oppdatert onsdag 01. april 2009 00:49