info.hagegal.no

  • Forstørr
  • Standard skriftstørrelse
  • Forminsk
Fremsiden Diverse Matoppskrifter Gundads egen kokebok Hot ! Harissa (krydderpasta) - Bakte auberginar med hot tomatrøre

Hot ! Harissa (krydderpasta) - Bakte auberginar med hot tomatrøre

E-post Skriv ut PDF
Det er mange måtar å handtere vinteren på, og i matvegen likar eg det hotte når det er kaldt ute.

Sjølv om Nord-Afrika og Noreg ikkje har så mykje til felles, har eg stor glede av dei nord-afrikanske mattradisjonane. Eg har berre ein tur til Marokko å skryte av, men til sommaren skal vi til Egypt, så då får vi nok møte fleire sider av det nord-afrikanske kjøkkenet. I mellomtida kosar eg meg med oppskrifter og reisehistorier.

I tider då fasilitetane for å lagre mat var annleis enn no, var sterke krydder med på å skjule usmak og påbyrja rotning. Med kjøl, frys og hermetisering tilgjengeleg treng ein ikkje skjule dårleg smak lenger. Likevel har matkulturane med sterk mat breidd om seg. Latin-amerikansk, asiatisk og afrikansk mat blir meir og meir populært over heile verda. Chili er å få tak i same kvar ein er, ingefær og kvitløk er i butikkane som ferske varer, og ikkje tørka pulver.

Chili

I Libanon ligg ein liten by som heiter Harissa. Den er eit katolsk pilgrimsmål, men er mest kjend for å ha gjeve namn til krydderblandinga harissa. Denne krydderblandinga er det nord-afrikanske svaret på den indiske garam masala, og den indonesiske sambal oelek. Og som garam masala har kvar husmor med respekt for seg sjølv si eiga oppskrift på harissa. I motsetning til garam masala er harissa og sambal oelek krydderpastaer, og begge får du kjøpt i innvandrarbutikkar og andre butikkar med godt utval.

Harissa

Eg likar å lage min eigen harissa. Eg har masse krydder ståande i hylla, og får aldri brukt det opp likevel. Det finst variantar med sitronskal og med tørka aprikosar, men min harissa er fruktfri. Tomatpuré gjev ein god smak, samstundes som den gjev ein fin konsistens på denne vakre krydderkremen.

Så kva brukar ein harissa til? I dag har eg laga bakte auberginar med harissa-tomatrøre. Har du spart på linsesuppeoppskrifta mi, er den kjempegod med ein liten klatt harissa i. Salatdressingane dine blir heller aldri kjedelege dersom du krydrar dei med harissa. To teskeier harissa rørt ut i ein desiliter blir ein deilig, passe sterk kald saus til fondue, til grillmat eller i ein bakt potet. Mange likar chiliolje på pizza, og ein halv liter olje som har fått godgjort seg med eitt par skeier harissa gjev pizzaen ein heilt ny smak. Eg har til og med fått servert blautkokte egg med rista brødpinnar som eg først dyppa i harissa, og så i egget.

Det fine er at den sterke chilipastaen passar så godt til milde råvarer. Linser, egg og aubergine får nye dimensjonar når dei møter ei slik krydderblanding. Slik gjer du det:

Harissa:

1 ss chilipulver
2 ss paprikapulver
1 ss malt koriander
1 ss malt spisskummen
1 ss chiliflak eller 2 ferske, raude chiliar utan frø
½ ss malt, svart peppar
1 ss salt
1 ss brunt sukker
5 pressa kvitløksfedd
½ dl olivenolje
2 ss tomatpuré
Inntil ½ dl kokande vatn
Bland alt i ei matmølle, og spe med det kokande vatnet til pastaen får ein passe konsistens. Oppbevar harissaen i kjøpeskap i eit tett glas.

Bakte auberginar med hot tomatrøre

To auberginar
Olivenolje
Fem store tomatar
Ein stor løk
To fedd kvitløk
Ein neve korintar
Ei teskei harissa
1 ts brunt sukker
Salt og peppar
Hakka fersk persille, viss du har
Ferdig

Del auberginane i to, og skjer skrå kutt ned i auberginen utan å skjere igjennom skalet. Strø salt på snittflata, og sett auberginane på skrå oppi ein bolle slik at væta som kjem ut renn av. La dei stå ein halvtime.

Finhakk tomatane, løken og kvitløken. Varm opp olivenoljen, og fres løk og kvitløk blankt. Ha i tomatane, harissapastaen og korintane. La dette koke i ein halvtimes tid. Pass på at det ikkje kokar tørt, svidd tomat er ikkje noko særleg. Spe på med væte frå auberginane, eller litt vatn. Smak til med salt, peppar og sukker, og vend inn hakka persille om du har det.

Steik auberginane i olivenolje i tre minutt på kvar side. Legg dei i ei eldfast form med bakepapir, og la dei bake i ein halvtime til dei er mjuke tvers igjennom. Ta dei ut, og press kjøtet ned litt med baksida av ei skei. Fyll tomatmassen i auberginane, og la det heile bake i omnen i eit kvarter til. Server som tilbehør til grillmat, til heilsteikte filetar eller med linser til som ein vegetarrett. Dei kan serverast som dei er, eller med ein klatt kesam eller matyoghurt.

Velbekomme!

Alt godt, Gunda

Tråden
Sist oppdatert onsdag 01. april 2009 00:31