info.hagegal.no

  • Forstørr
  • Standard skriftstørrelse
  • Forminsk
Fremsiden Diverse Matoppskrifter Gundads egen kokebok Førjulsfest: Eplestuing - Urtebakt kylling - Appelsinkake

Førjulsfest: Eplestuing - Urtebakt kylling - Appelsinkake

E-post Skriv ut PDF

Førjulsfest

No gjeld det å nytte høvet til å lage nokre ribbefrie festar.

Før du veit ordet av det ligg fåreribbeeimen tung over festlokala, og verda tek ikkje til vit før på nyåret. Ta ein liten ringerunde til dei greiaste du kjenner før alle invitasjonar vert avslått fordi mottakaren er på julebord, skal på julebord eller var på julebord i går.

Kyllingfilet er ein sikker vinnar, og no har butikkane her eg bur byrja å selje den i såkalla familiepakningar. Den største eg fann inneheldt ti filetar, og sidan vi var fire vaksne og fire barn til bords var det akkurat passe. Datra mi kallar tilbehøret eg lagde for ”skikkeleg saiko”, og eg innrømmer at eplestuing ikkje er kvardagskost her i huset. Men prøv den, den er ein deilig kontrast til urtene og den milde fileten.

Desserten er ei saftig appelsinkake, som er fin både for mjølkeallergikarar og glutenallergikarar sidan den er fri for mjøl og mjølk. Utover det er den og ganske saiko, berre det å kome på å koke appelsiner til dei nesten dett frå kvarandre burde kanskje vere eit fareteikn. Men ikkje desto mindre: Kaka smakar fantastisk. Gjestane våre i dag er egyptisk/pakistanske, og mamma Hayam utbraut ”Allah!” då ho tok første biten. Det trur eg faktisk er det største matkomplimentet eg har fått nokon gong. Slik gjer du det:

Eplestuing

Ein liten løk
1 ss smør
5 dl eplejuice
2 syrlege eple
3 dl creme fraiche
Salt og peppar

Rens og hakk løken fint. Smelt smøret i ei vid panne, og la løken surre seg blank. Slå over eplejuicen, og la det heile koke inn til halv mengde. Rens og kutt epla i terningar, og la dei koke møre nokre minutt i eplejuicen. Ha i creme fraiche, rør godt og la det heile koke opp. Smak til med salt og peppar. Viss du syns stuingen vert for tyntflytande, kan du jamne den med 2 ts maizena i litt vatn.

Urtebakt kylling til 6

8 – 10 kyllingfiletar
3 ss smør
5-6 dl ferske urter, eg brukte mest persille, pluss tre-fire salvieblad
4 ss riven parmesan
6 ss olivenolje
2 ss strøkavring
salt og peppar

Sett steikeomnen på 180 grader. Skyll og rens urtene, og ha dei i ei matmølle. Riv parmesanen, og ha dei i matmølla saman med olivenolje og strøkavring. Ha i salt og peppar, til denne porsjonen brukte eg ca. ½ ts salt. Smelt smøret i ei steikepanne, og la det bli lyst brunt. Legg i filetane med den glatte sida ned. Dryss litt salt på filetane. Snu dei når dei har fått fin farge. Ta dei ut av steikepanna, og legg dei anføttes i ei eldfast form. Legg urtepastaen på filetane, Så langt kan filetane lagast ferdig nokre timar før dei skal serverast.

Steik filetane i 20 minutt, fire-fem minutt lenger dersom dei har vore nedkjølte etter at dei vart forsteikte. Server med eplestuing og ris.

Appelsinkake

275 g skålda og smutta mandlar
275 g sukker
6 egg
2 appelsiner
1 ts bakepulver
½ ts salt
100 g mørk sjokolade
5 ss melis
1 ss (ca.) vatn

Legg appelsinene i ei lita gryte, dekk med vatn og kok dei i ein halv time under lok. La dei kolne på ein asjett. Mal mandlane fint i matmølle. Bland inn bakepulver og salt. Pisk egga og sukkeret til ein fast eggedosis. Del appelsinene langs ekvator, og fjern eventuelle større steinar. Køyr appelsinene til ein glatt mos i matmølla. Bland mandelmjølet i eggedosisen vekselsvis med appelsinmassen. Legg eit bakepapir mellom botnen og ringen på ei rund form (mi er 24 cm), og smør den langs langs kanten. Steik kaka på 180 grader i ein time. Blir den for mørk, så legg folie eller bakepapir over forma. La kaka kolne i forma.

Legg kaka over på eit fat. Smelt sjokoladen i ei skål over ei gryte med kokande vatn. Ikkje rør i sjokoladen før den er heilt smelta. Hell sjokoladen over kaka, og smør den jamnt utover. Bland ein ganske fast glasur av melis og vatn. Ha den i ein liten pose, knyt att og klipp ein liten snipp av eit hjørne. Teikn ein spiral frå ytterst til innerst på kaka. Bruk ein tannpirkar, og dra ein strek tvers igjennom midten på kaka. Tørk av tannpirkaren, og gjer det ein gong til, men denne gongen motsett veg. Hald fram til du har kome rundt heile kaka. Server den gjerne med ein klatt krem. Viss du skal servere kaka på fest, og vere heilt sprø, så pisk inn 1 ss melis og 1 ss grand marnier i kremen. Mmmm!

Alt godt, Gunda


Tråden
Sist oppdatert mandag 09. februar 2009 22:04