info.hagegal.no

  • Forstørr
  • Standard skriftstørrelse
  • Forminsk
Fremsiden Planter Stauder Portretter Helleborus orientalis

Helleborus orientalis

E-post Skriv ut PDF

Helleborus orientalis

Når vi snakkar om julerose, tenkjer mange på den vanlege Helleborus niger. Den har kvite blomar og er riktig fin når han blomstrar på seinvinteren. Det hender blomane stikk opp gjennom snøen. Eg tykkjer Helleborus niger kan vera vanskeleg å få til og vil difor slå eit slag for Helleborus Orientalis eller Helleborus x hybridus som det rette namnet er no. I dei siste åra har det vore gjort eit omfattande foredlingsarbeid på denne planten. Den er no å få i mange fargevariantar frå mest svart via raudt og gult til kvitt. Det er både fylte, anemoneforma og enkle hybridar. Dei er alle utruleg vakre på ein beskjeden måte.

Veksttilhøve:
Dette er planter som er lette å få til så sant dei får gode veksttilhøve. Dei kan stå i mange ulike jordtypar, men det er viktig at dei ikkje blir ståande i vatn, og at dei ikkje tørkar ut. Det blir difor rådd til at dei står i halvskugge; der passar dei fint med sitt flotte, store, grøne bladverk. Eg har sjølv ei som står i full skugge og veit om dei som står i full sol. Så med denne planten har ein stort handlingsrom. P.g.a. blomstringstida vil eg likevel rå til at ein plasserer planten godt synleg ved inngangspartiet til huset; midtvinters er liksom ikkje den tida ein held seg mykje i hagen.

Sjukdom:
Julerosa er vintergrøn, men kan på våre kantar få Svartflekk på blada. Det er difor lurt å klippa vekk blada i desember slik at dette ikkje skal smitta over på blomsterstenglane. Blomane kan då visna vekk.(Dette gjeld ikkje stengelarter som H. argutifolius, H. foetidius osv.)

Vokster og formeiring:
Helleborus veks seint og er difor ofte litt dyre i innkjøp. Men har du først ei plante i hagen, kan den godt finna på å frøså seg. Det er ikkje sikkert at småplantene blir lik mor. Dersom du vil ha fleire av nette den planten du har, bør du dela den. Dette må gjerast forsiktig og på hausten. Då er neste års blomsterknuppar danna og den vil blomstre neste vår, for så å ta ein pause i 1-2 år. Eg har sjølv lirka av småplanter utan å øydeleggja morplanten. Dei røtar seg med svært lite røter. Du kan også så, men då må du ha tolmod, for frøa kan bruka 2 år på å spira. Frøa bør vera ferske.

Helleborus x hybridus blir 20 til 30 cm høge. Dei blir kraftige og fine om ein gjødsler dei litt. Eg brukar helgjødsel (hønsegjødsel), men fullgjødsel går like greit.

Plantene du finn i salg er frøformeirte, og det kan difor være lurt å kjøpe dei i blomst. Så ser du kva du får.

Lukke til. Anne

Sist oppdatert onsdag 01. april 2009 00:21