info.hagegal.no

  • Forstørr
  • Standard skriftstørrelse
  • Forminsk
Fremsiden Planter Roser Portretter Rose 'American Pillar'

Rose 'American Pillar'

E-post Skriv ut PDF
Den amerikanske damen i Baaste - 'American Pillar'
American pillar

Eg hadde lese om American Pillar i eit gamalt hageblad. I følge bladet var det ei slyngrose med stort potensiale, dvs. ho kan bli 4-5 m høg dersom ho er oppbunden. Rosa er mørk karminrosa med kvit basis. Fleire gamle og store eksemplar skal finnast rundt Oslofjorden, stod det. Sidan eg bur ved Oslofjorden, fann eg ut at det var verdt å prøve. Bestilte på postordre og rosa kom som barrotsrose på vårparten.

Eg hadde bestemt at ho skulle få slynge seg til eit gamalt plommetre. Men først måtte det lagast bed rundt treet. Området var okkupert av ein skrantande Mahonia og diverse gras og rotugras. Det var ein kjempejobb å få grava opp alle Mahonia- og ugrasrøttene, men eg var heldig og fekk hjelp av to sterke mannfolk til å grave i blåleira. I iveren etter å få vekk røttene forstyrra vi visst plommetreet litt for mykje, for det avgjekk ved døden. Det er ikkje alltid like lett å sjå forskjell på trerøtter og ugrasrøtter… Men treet vart eit vakkert klatrestativ for den amerikanske damen. I bedet la eg la ugrasduk, grus og spanderte kjøpejord på toppen for å prøve å bli kvitt rotugraset for godt.Ved plommetreet skar eg hòl i duken og planta American Pillar. Så sådde eg og planta sommarblomster.

Sommaren og vinteren gjekk og våren kom utan at rosa såg ut til å til å vekse noko. Eg slutta at rosa var død. Eg bestilte på nytt og fekk nok ei American Pillar i posten – hadde liksom ikkje lyst til å gi opp, heller. Det var tid for å fjerne ugrasduken og grusen og plante stauder, sommarblomster og endå fleire roser i bedet. Eg planta grupper av Eglantyne, Graham Thomas, Bonica, Amber Queen og dessutan American Pillar. Men då eg skulle grave opp den antatt døde rosa viste det seg at ho ikkje var heilt død likevel, så ho fekk aller nådigast stå – eg planta den andre rett ved sida av. Ho fekk følge av Clematis Etoile Violet, ein nydeleg lilla clematis.


'America Pillar' klatrar saman med Clematis 'Etoile Violet'

Og etter dette har det gått fint med American Pillar. Ho har vokse seg stor og funne seg godt til rette. Ikkje så rart, kanskje, sidan det eigentleg er to roser som veks som om dei var siamesiske tvillingar. I sommar har ho vore stoltheita mi der ho svinga seg i det gamle plommetreet saman med den lilla clematisen og med staudeselskapsdamer og andre rosehoffdamer ved beina sine.

Ho har vore med på å opne augene mine for dei vakre enkle rosene. Ho duftar ikkje så mykje, men blømer ganske lenge, så eg har tilgitt henne. Ei rose må ikkje dufte for å vere dyrkningsverdig. Ho kler det gamle treet godt og neste år har eg henne mistenkt for å ville dekkje resten av klatrestativet med blomsterprakta si. Men det skal ho få lov til – kanskje skal ho endåtil få lov å strekkje seg og klatre vidare over til neste plommetre dersom ho har lyst ut på tur. Den amerikanske damen er hyggeleg selskap i hagen i Baaste!

Tråden
Sist oppdatert onsdag 01. april 2009 00:21