info.hagegal.no

  • Forstørr
  • Standard skriftstørrelse
  • Forminsk
Fremsiden Planter Roser Portretter Rose 'Therese Bugnet'

Rose 'Therese Bugnet'

E-post Skriv ut PDF
Therese Bugnet - ei solskinnshistorie

Therese bugnet
(Foto Beyond)

Therese bugnet
(Foto Ingrid E)


(Foto Cristina)

Therese bugnet
(Foto Gunn-Torill)

For kanskje 4-5 år sidan planta eg Therese Bugnet som ein hekk ved den eine av uteplassane i hagen. Tanken var at rosene i tidens fylde skulle vere med å gi litt ly for vinden når vi sat der og såg utover fjorden. Eg hadde lese om den canadiske rugosahybriden Therese Bugnet og var blitt forelska.

Therese Bugnet (Bugnet 1950) skulle i følge Dag Lyngars eminente rosebok vere ei av dei mest hardføre rosene som selgast her i landet. Blomstene er fylte, mørk rosa og har gamaldags utsjånad. Knoppane er elegant avlange og mørk raude. Busken har raude greiner og er lett å stiklingsformere. Ei attraktiv buskrose som kjem med blomster utover heile sommaren. Høgde 180 cm, H8. Dessutan skulle ho kreve relativt lite stell og greie seg bra i fuktig klima og ute ved kysten. Og eg bur jo rett ved Oslofjorden.

Er det rart at eg fall pladask? Eg fekk det lokale hagesenteret til å ta inn 15 stk. Therese for meg. Jordsmonnet på staden der eg hadde tenkt å plante kunne vore betre - jorda var skrinn. Det var stort sett sandjord med stein som eg måtte plukke bort. Eg grov hòl til rosene - i ettertid har eg innsett at eg nok skulle laga endå større plantehòl - fylte i jord og kompost - og planta. Så venta eg på at rosene skulle vekse, då. Men det gjekk treigt og åra gjekk. Eg tenkte med meg sjølv at det var no sørgeleg at Therese ikkje skulle trivast her på Hurumlandet. Etter som eg las på hagEgal var det fleire som sleit med å få Therese i godlag. Ho ville ikkje vise seg frå si beste side; ikkje her og ikkje hos mine frendar på hagEgal.

I vår fann eg ut at eg skulle gi Therese ein siste sjanse. Eg grov opp mellom rosene, foran og bak, fjerna gras og stein, laga eit langt bed. Innkjøp av 14 sekkar hagejord og i tillegg kugjødselkompost skulle gi madammen ein ny start. Eg punktgjødsla først med hønsegjødsel og fylte så på med alle sekkene med kjøpejord og kugjødselkompost. Så sådde eg sommarblomster i blånyanser og bleikgule ringblomster i bakkant og planta mørk burgunder løvemunn mellom alle rosene i det som no er eit langt bed. Etterpå har gul lerkespore frå restopplaget til hagelagsloppemarkedet fått plass innimellom, også.

Og kva synst mi kjære veninne Therese om behandlinga? Jau, eg trur ho er fornøgd. Meir jord og selskapsdamer er visst tingen. Ho kvitterer med å skyte nye skudd, bli frodigare og remontere betre. Og eg kosar meg der eg går forbi og beundrar henne og selskapsdamene. Men det er jo berre Therese som duftar godt av parfyme - som pene damer bruker å gjere.

Tenk at eg heldt på å gi henne opp - denne vakre rosa. Ho som er av dei første til å blomstre om våren. Hos meg har ho vore frisk og ikkje fått hverken stråleflekk eller rust. I den nye Sortslista til Norsk Roseforening er ho oppgitt til å klare seg "berre" til H6, ser eg, men sidan eg bur i H3 slepp eg å ta forholdsreglar; madammen klarer seg sjølv. Dersom eg har tid, får ho litt kugjødselkompost rundt beina før vinteren set inn.

Kva eg har lært av dette? Jau, at Therese synst at ho fortjener godt stell - elles sturer ho. Som dei fleste damer som veit å verdsette seg sjølv...

Tråden
Sist oppdatert onsdag 01. april 2009 00:06