info.hagegal.no

  • Forstørr
  • Standard skriftstørrelse
  • Forminsk

Crocus (Krokus)

E-post Skriv ut PDF

Vårens bodberar.

For meg er Crocus vårens bodberar. Dei er slett ikkje dei første som kjem i blom om våren, men eg synest ikkje det finst nokon blom som varmar meir etter vinterens mørke. Tidleg om våren står dei der og blomstrar i mange fargevariantar frå mørk lilla, via kvitt til gult. Vi må ikkje gløyma alle dei pastellfarga; dei er mine favorittar.

Artsrik staude.

Denne slekta tel 70 arter med mengder av hybridar og variantar. Berre eit fåtal er i sal her hos oss. Dei fleste er hardføre planter som kjem frå fjellområda nord og aust for Middelhavet. Crocus er ein staude som manglar stengel. Dei har løkforma, flat rotknoll som visnar bort etter blomstring. Men frykt ikkje: dei dannar nye rotknollar rundt den døde. Det kan bli så mange knollar at ein bør dela tuene med nokre års mellomrom. Set dei mellom staudane i beda, så har du blomstring frå tidleg vår. Etter blomstring veks bladverket kraftig for så å visna bort. Då har andre planter i bedet teke over, og knollane kan kvila heilt til neste vår.

Vårblomstrande og haustblomstrande Crocus.

Crocus vert delt inn i to grupper: vårblomstrande og haustblomstrande. Blant dei vårblomstrande vil eg anbefala Tomasinianus (Ametystkrokus), Chrysanthus (Bergkrokus) og Vernus (Vårkrokus). Den siste er den vanlegaste av dei alle. Innanfor desse artene er det litt å velgja mellom i butikkane. Og ikkje minst: dei er lette å få til. Det ser ikkje ut til at dei bryr seg om vestlandsregnet. I min hage er det tomasinianusen som spreier seg mest.

Når det gjeld haustblomstrande krokus, så har eg berre ein sort, og den er namnlaus. Men eg kan nemna at i denne gruppa finn du C. savitus: Safrankrokus. Det er denne som produserer ekte safran. Safranet er støvet på støvberarane, så det er ikkje å undra seg over at safran er dyrt. Denne skal vera ein av dei beste artene å dyrka her til lands.
Haustkrokus blomstrar seint om hausten og set lauv om våren. Dei opnar blomane i sola, og bør difor plasserast ein stad der sola skin seinhaustes.

Krokus kan plantast i all slag jord, men ho må vera godt drenert. Dei kan delast / flyttast når blada er i ferd med å visna. Eller aller helst om hausten om du veit kor du har dei.

Tråden på Hagegal

Sist oppdatert mandag 09. mars 2009 09:14